-
Jan 1, 1000
Norrønt
Språket som blei snakka i det norrøne området frå kring 800 til 1350.
Det norrøne området: Dei områda vikingane hadde lagt under seg: Noreg, Island, Færøyene, Shetland, Orknøyene, Grønland, Härjedalen, Jämtland, Bohuslän Kjelder til det norrøne språket:
Runeinnskrifter, kongesoger, eddadikt, lovverk, religiøse skrifter, brev. -
Jan 1, 1001
Kva skreiv dei med i norrøn tid?
Bøker og dokument blei skrive på pergament, som er rensa og tørka skinn frå kalv, sau eller geit.
Skrivereiskapen var fjærpenn. -
Jan 1, 1100
Litt om norrønt språk
Þat er hræddr maðr sem ekki þorir at skjalfa
1. Norrønt har fleire bokstavar enn moderne norsk
2. Norrønt har mange ulike former av same ord
3. Norrønt har friare ordstilling
4. I norrønt står adjektivet ofte etter substantivet -
Jan 1, 1350
Norrønt språk går tapt
Truleg døydde 2/3 av befolkninga i Noreg av Svartedauden i 1349. Dette førte til at det norrøne skriftspråket går tapt. -
Jan 1, 1380
Noreg blir dansk provins
Svartedauden avfolka Noreg, og det fanst ikkje lenger ein elite i landet som kunne oppretthalde den norske staten. Norsk styre hamna gradvis på utanlandske hender, og Noreg gjekk inn i union med Danmark i 1380. I 1536 blei det norske riksstyret oppheva og all suverenitet overført til Danmark. Noreg var ikkje lenger definert som noko anna enn dansk. -
Jan 10, 1430
Boktrykkarkunsten - ein medierevolusjon
Johan Gutenberg trykte den første boka i Europa.
Han begynte å eksperimentere med trykk i 1430-åra.
Den første masseproduserte boka som blei trykt i Gutenberg sitt trykkeri, var Bibelen på latin (ca. 1455). -
Jan 1, 1537
Reformasjonen
I Noreg blir reformasjonen innført med makt frå København i 1537. Dette førte til dansk oversetjing av Bibelen i 1550.