1. verdskrig og åra etter

  • 1.verdskrig

    1.verdskrig
    Den første verdskrigen varte frå 1914 til 1918, og var meir omfattande enn nokon tidlegare krig. Det var fleire industriland som kjempa mot kvarandre, og dei produserte veldige mengder våpen og anna utstyr. Krigen vart i stor grad utkjempa i skyttargraver, og mellom ti og femten millionar soldatar vart drepne.
  • krigen byrjar

    soldatane tek til å grave seg ned i skyttargraver
  • USA blir med i krigen

    USA erklærer krig mot Tyskland
  • spanskesjuka

    spanskesjuka
    Spanskesjuka var ein pandemi som ramma store deler av verda i perioden 1918 til 1920. Mellom 50 og 100 millionar menneske døde, og det er fleire enn antall døde under første og andre verdskrig tilsaman. Minst ein tredjedel av verdas befolkning blei smitta. Dødlegheiten var høgst hjå barn og unge voksne.
  • Russland dreg seg ut or krigen

    Russland dreg seg ut or krigen
  • Våpenkvile

    Tyskland har tapt, og det blir våpenkvile
  • Fredsforhandlingane etter 1. verdskrig

    Fredsforhandlingane etter 1. verdskrig
    Forhandlingane gjekk føre seg i Versailles. Tyskland fekk ikkje vere med. Fredsavtalen blei kalla Versaillestraktaten og vart underskriven i juni 1919. Mykje av innhaldet gjekk ut på å straffe Tyskland. Tyskland fekk skulda for å ha byrja krigen. Dei måtte gi frå seg område til Polen og Frankrike. Dei fekk ikkje lov til å ha ein større hær enn maksimum 100 000 soldatar. Dei måtte gi frå seg alle koloniane sine, og dei måtte betale ein enorm pengesum i krigsskadebot til sigerherrane.
  • forbod mot sal av brennevin og sterkvin i Noreg

    forbod mot sal av brennevin og sterkvin i Noreg etter folkerøysting.
  • Dei glade 20-åra

    I 1920-åra opplevde USA og delar av Europa ein sterk økonomisk framgang. Samlebandsteknikken blei teken i bruk, det førte til at fabrikkane kunne produsere fleire varer på kortare tid. Det førte til at mange fekk råd til å kjøpe moderne produkt som bil og radio. Rikdommen var ujamt fordelt i USA. Bønder og afroamerikanarar hadde ofte dårleg råd og merka ikkje noko til den økonomiske oppgangen.
  • forbodet blir oppheva

    Forbodet mot sterkvin og brennevin i Noreg blir oppheva