-
Mikroskop
Mikroskopet blir funne opp av den nederlandske optikaren Zacharias Janssen. Dette blir særs viktig for den vidare utviklinga av vitskap fordi ein får sjansen til å studere prosessar på mikronivå. -
Charles Darwin
Charles Darwin gir ut «On the Origin of Species by Means of Natural Selection». Dette verket blir svært viktig for forståinga vår av evolusjon og biologi. -
DNA
I 1869 blir DNA for første gong identifisert. Det er den 25 år gamle sveitsaren Johann Friedreich Miescher som oppdagar DNA-et mens han studerer fosforrike koplingar i cellekjerna til blodceller. Han kallar koplinga «nuclein» sidan han starta med cellekjerna. -
James Watson og Francis Crick
- april 1953 publiserer James Watson og Francis Crick sin no verdskjende artikkel, der dei beskriv ein modell av DNA-molekylet. Dei foreslår at DNA består av ein dobbeltheliks, der to trådar går i motsett retning, at basane peiker innover, og at A-T og G-C utgjer basepar. Vi veit i dag at dei hadde rett.
-
Genspleising
Genspleising er ein realitet. Amerikanaren Paul Berg konstruerer eit DNA-molekyl som er samansett av gen frå eit virus og ein bakterie. Dette markerer starten på genteknologien. -
Genoverføring
I USA blir for første gong framande gen overførte til eit dyr (ei mus). I Kina ser den første klona fisken, ei gyllen karpe, dagens lys. -
PCR-maskin
Ei DNA-«kopimaskin» – PCR-teknologien – blir funnen opp. PCR gjer det mogleg å kopiere opp store mengder DNA frå biologiske prøver/spor. Metoden er i dag svært viktig i mange typar analysar av arvestoffet. Han gjer det mellom anna mogleg å lage «genetiske fingeravtrykk». -
Kloning av sau
Kloninga av sauen Dolly blir offentleggjort. Dolly, fødd 5. juli 1996, er det første klona pattedyret.