-
70
Diaspora
Bortvising av jødane frå Palestina -
Auka jødisk innvandring til Palestina
Mange jødar vart forfulgde grunna antisemittisme, og valgde derfor å reise til Palestina. Jødeparagrafen i Noregs grunnlov 1814 - 1851.
Sionister = Jødar som kjempa for opprettinga av eit jødisk heimland i Palestina. -
Balfourerklæringa
Britisk utanriksminister Arthur James Balfour, nov. 1917. Kongen er ikkje negativ til opprettinga av ein nasjonal heim for jødane i Palestina, men det må ikkje få negative konsekvensar for folket som allereie bur der. -
Første verdskrig
Etter første verdskrig, 1914 -1918, tok tok Storbritannia over styringen av Palestina. -
FN: Palestina skal delast
FN bestemmer at Palestina skal delast i 2 – ein jødisk stat (56%) og ein palestinsk stat (44%). Jødane støtter dette, medan palestinarane ser på det som eit overgrep. -
Staten Israel
Mai 1948 – staten Israel blir oppretta. -
Den israelsk-arabiske krigen
Dei arabiske landa Egypt, Libanon, Syria, Jordan og Irak angrep Israel same månad som Israel blei oppretta. Dei rekna med ein rask siger, men krigen varte i eit år. Resultatet var at Israel blei større enn tidlegare og okkuperte no ca. 80% av Palestina. Mange palestinarar blei drivne på flukt frå heimane sine - Palestinske flyktningar -
Gamal Nasser
Leiar i Egypt frå 1956. Han arbeidde for å samle heile Midtausten til kamp mot Israel. Fekk i 1956 kontroll over Suezkanalen, etter at den hadde vore kontrollert av Storbritannia og Frankrike. Han vil med dette setja stopper for vestleg innverknad. For dette blei han hylla som ein helt i Egypt. -
PLO
PLO = Palestinian Liberation Organisation, danna i 1964 med mål om å utslette staten Israel. Leia av Yasir Arafat (1929-2004). Dei starta med å utføre terrorangrep i Israel, endra taktikk til å utføre terrorangrep i elles i verda (OL i Munchen 1972), og deretter til å utføre fredelege aksjonar,og fekk dermed meir internasjonal støtte. -
Seksdagarskrigen
Egypt blokkerte Israel sin tilgong til Raudehavet. Israel angrep Egypt, Jordan og Syria. Dei vann på berre 6 dagar. Deretter erobra dei Sinai, Gaza, Vestbredden, Golanhøgda og Suezkanalen. Israel blei dermed større enn nokon gong. -
Jom-kippur-krigen
Den nye leiaren av Egypt, Anwar Sadat, gjekk til angrep på Israel 6 oktober 1973. Dei ville presse USA til å tvinge Israel til å levere tilbake dei okkuperte områda. Til tross for støtte frå Sovjetunionen greier arabarane ikkje å ta tilbake dei erobra områda. Også i denne krigen var Israelarane sterkast, krigen enda med våpenkvile og ei FN resolusjon om at Israel skulle trekke seg tilbake. -
Revolusjon i Iran
Sjahen blir avsett – den sterkt religiøse ayatolla Khomeini tar makta, styrer etter islamsk lov (alkoholforbod, fastetider, kvinner måtte gå med slør, ugifte kvinner og menn blei haldne skilde frå kvarandre). Khomeini oppmoda til heilag krig mot Israel og USA. -
Drapa i flyktningleirane Sabra og Chatilla i Libanon
Fleire hundre menneske blei drepne 16-18 september 1982. Ein kristen militsgruppe utførte aksjonen, men det var Israel som kontrollerte området. -
Hamas
Palestinsk politisk organisasjon med militær grein. Grunnlagt 1987. Er mot staten Israel, og står bak angrep mot sivile og militære mål i Israel. Mange ser på Hamas som ein terrororganisasjon. Kjempar for ein sjølvstendig palestinsk – islamsk – stat. Har dei siste åra moderert seg, og støtter ikkje lenger antisemittisme, og opnar for ein Israelsk stat innanfor 1967 grensene (frå før seksdagarskrigen). Dei godtek at ein Palestinsk stat skal vere på Gaza/Vestbredden/Aust Jerusalem. -
Al-Qaida
Internasjonalt terrornettverk, blir grunnlagd og leia av Osama bin Laden. Osama bin Laden var frå Saudi Arabia og kjempa for radikal Islam. Al Qaida meinar USA står i spissen for eit vestleg angrep på islam – heilag krig mot USA og deira allierte. -
Irak angrip Kuwait = Golfkrigen
Irak meiner dei har krav på områder i Kuwait, og vil ha tilgong til olja i landet. USA blander seg inn i konflikten – auka misnøye med vesten. Saddam Hussein (president i Irak 1979 – 2003) blir populær i den arabiske verda – vil trekka seg ut av Kuwait om Israel trekker seg frå dei erobra områda. -
Oslo-avtalen
Ein avtale om korleis israelarane og palestinarane skulle forhandle vidare dei neste 5 åra, slik at palestinarane gradvis skulle får sjølvstyre på Vestbredden og i Gaza. Og PLO og Israel anerkjente kvarandre. Avtalen tok ikkje opp kva som skulle skje med israelske busetnader på Vestbredden. Avtalen blei forhandla fram i hemmelegheit i Oslo. -
Signering av Oslo - avtalen
Signert i Washington DC 13 september 1993. -
Taliban blir grunnlagt
Islamsk fundamentalistisk organisasjon i Afganistan. Grunnlagt som reaksjon på borgarkrigen som hadde herja i landet sidan 1992. Dei ynskjte å opprette lov og orden og innføre eit styre basert på islam. -
Angrepet på World Trade Center
-
USA går inn i Afghanistan og fjernar Taliban-styret
Afganistan er eit av dei fattigaste landa i verda. Landet var okkupert av Sovjetunionen frå 1979 til 1989. Etter terrorangrepet mot USA i 2001 invaderte ei USA-leia styrke landet og styrta Taliban som satt med makta. Etter dette har internasjonale styrker (inkludert norske styrker) vore i krig mot Taliban. -
USA går til angrep på Irak
USA meiner dei har atomvåpen og støtter terroristar. -
Terrorbomber i Madrid Madrid
-
Terrorbomber i London
-
Saddam Hussein
Var på 1990 – og 2000 – talet ein av verdas mest frykta diktatorar. Han blei arrester og stilt for retten for forbryting mot menneskeheita (beordra drapa på 148 shiamuslimer på 1980-tallet), og avretta ved henging 30. desember 2006. -
Osama bin Laden
Blei skoten og drepen av amerikanske soldatar – han var då nummer 1 på amerikanarane sin liste over dei mest ettersøkte terroristane i verda. -
Krigen i Syria
Den arabiske vår. Opprør mot Assad regimet som styrer Syria. Dette regimet meinte mange var undertrykkande. Opprøret utvikla seg til borgarkrig og deretter ein regional krig med innblanding frå fleire land. -
Den islamske stat (IS) kontroll over større områder i Syria
Men ved inngongen til 2019 har Assad regimet tatt tilbake kontrollen over størstedelen av landet. Ein stor del av Syria er ødelagt og over 1/3 av innbyggerne (6 millioner – av 18 millioner) er drevne på flukt. -
IS blir danna
IS er i utgongspunktet ein irakisk jihadistgruppe. Dei har gjort seg bemerka gjennom strategisk bruk av propaganda, spesielt v.h.a. sosiale media. Slik har dei rekkruttert frivillige soldater og andre støttespillere frå store deler av verda. Ein trur IS rekrutterte over 30.000 fremmedkrigere.