Bruk av bio- og genteknologi opp gjennom tidene

By osksan
  • 4500 BCE

    Yngre steinalder

    Ei ca. 7000 år gammal krukke frå det som no er Iran, inneheld restar av noko som truleg har vore vin laga av kvae og druer. Og for 6000 år sidan brygga sumerarane i det gamle Mesopotamia (no Irak) øl. Ølet speler ei viktig rolle i samfunnet. Dei hadde til og med ei eigen gudinne for ølbrygging, Ninkasi. Arkeologar har funne ein leirinskripsjon med ei hymne til Ninkasi, som òg gir oppskrifta på sumerisk øl.
  • 2600 BCE

    2600 før kristus

    Dei gamle egyptarane (og sikkert mange andre) ser at levande gjærceller kan omsetje sukkeret i korn når det var vatn til stades, og at desse cellene kan produsere karbondioksid (CO2), som får brødet til å heve seg, eller alkohol, som får øl til å bli ein sterk drikk, alt etter kva høve gjærcellene får lov til å leve under. Ost er eit anna næringsmiddel som har blitt framstilt ved hjelp av mikroorganismar i fleire tusen år.
  • 1590 BCE

    Mikroskop oppfunnet

    Mikroskopet blir funne opp av den nederlandske optikaren Zacharias Janssen. Dette blir særs viktig for den vidare utviklinga av vitskap fordi ein får sjansen til å studere prosessar på mikronivå.
  • Første vaksine

    Den britiske legen Edvard Jenner lagar den første moderne vaksine, ei koppevaksine basert på kukoppar (ein mild variant av kopparvirus). Ordet vaksine stammar frå det latinske vaccina – kukoppar, vacca tyder ku. Utover på 1800-talet og 1900-talet blir det utvikla og teke i bruk vaksinar mot stadig nye sjukdommar.
  • Charles Darwin

    Charles Darwin gir ut «On the Origin of Species by Means of Natural Selection». Dette verket blir svært viktig for forståinga vår av evolusjon og biologi.
  • Første identifisering av DNA

    I 1869 blir DNA for første gong identifisert. Det er den 25 år gamle sveitsaren Johann Friedreich Miescher som oppdagar DNA-et mens han studerer fosforrike koplingar i cellekjerna til blodceller. Han kallar koplinga «nuclein» sidan han starta med cellekjerna.
  • 46 kromosom

    Ein oppdagar at det normale for menneske er å ha 46 kromosom. Oppdaginga opnar for å studere samanhengen mellom kromosomavvik og ulike sjukdommar og tilstandar. Den første beinmargstransplantasjonen blir gjennomført i USA under leiing av E. Donnall Thomas, som i 1990 fekk Nobel-pris for arbeidet.
  • Kloning av sau

    Kloninga av sauen Dolly blir kjend. Dolly, fødd 5. juli 1996, er det første klona pattedyret.